2-minuttstrening

Her er eit 2-minuttars treningsprogram som kan brukast i løpet av arbeidsdagen, på morgonen eller på kvelden. Du kan gjere 2-minuttstreningen ein gang eller fleire ganger i løpet av dagen – jo meir jo betre, men alle monnar drar! 

Sit du mykje i ro vil så lite som to minuttar i løpet av (arbeids)dagen, vere noko du raskt merkar er lurt å gjere. Dette vil ikkje få deg på pallen i OL, men to minuttar med trening er SÅ mykje bedre enn ingen minuttar, og litt bevegelse gir rett som det er meirsmak. Etterkvart kan det bli sprengstoff av denne vesle, daglige innsatsen!

 

Klarar du å finne tid til to minuttar med gode bevegelsar i løpet av arbeidsdagen? Trur du at det er lurt å gjere det?

 

Desse to spørsmåla brukar eg alltid å stille når eg held foredrag. Eg har knappast høyrt nokon som har sagt nei. Til tross for at dei færraste gjer det. Men heile systemet vårt elskar at vi bevegar oss ofte, og mislikar at vi sit i ro lenge av gangen. Det er godt dokumentert at vi med fordel skal unngå for mykje stillesitting. Og – det er godt dokumentert at det både er positive fysiske og mentale effektar i alt vi gjer av gode bevegelsar. Kor stor effekten er har sjølvsagt med mengde og intensitet å gjere.

 

Det som ikkje er dokumentert, men som alle som praktiserer aktive pauser a la 2-minuttstrening entusiastisk fortel om, er at det også ubevist fører med seg meir aktivitet. Når ein får til litt småtteritrening i løpet av arbeidsdagen gjerne i tillegg til min store favoritt dei siste tre åra – morgongym (meir om det i seinare post), så er gjennomføringskrafta til og å gjere meir klassisk trening på ettermiddagane veldig mykje STØRRE. Dette er det eg siktar til med det magiske. Det ser ut til at det for mange med denne investeringa rett og slett blir ein veldig avkastning. Og i motsetning til ein vanleg god investering, får ein her ein absolutt umiddelbar gevinst. Litt mindre stress, litt meir energi, litt betre humør, litt betre blodsirkulasjon, litt betre restitusjon (viss det trengs) med mykje meir. Og alt dette er ein sikker gevinst kvar gang ein vel å bruke to minuttar eller meir, på å bevege seg litt. For dei aller fleste er det eit ork å få til nok trening (la oss sei at nok er 150 minuttar kvar veke). Men det er veldig få det er heilt umulig for.

Å få inn litt småtteritrening i kvardagen vil absolutt kunne bidra, litt direkte, men mest indirekte. Rett og slett, trur eg, fordi det å OPPLEVE kor godt det er å trene gjer at vi får lyst på meir. Og ingenting er sjølvsagt betre enn at ein får lyst på meir, i denne samanhengen. Dette er heller ikkje dokumentert, men mange fortel også om sunnare lunsjar dei dagane ein tek eit par drag i trappene eller gjer eit par minuttar med trening før lunsj. Litt som mange røykarar fortel meg om. Dei dagane det blir trena blir det mindre røyking utan at ein jobbar for det. Ein av mine draumar for landet er at det skal bli obligatorisk for oss vaksne i jobb å trene 30 minuttar kvar dag i arbeidstida. Ikkje at det berre er ein muligheit for å gjere det, men at det er ein del av arbeidsoppgåva til kvar og ein. Med tanke på regnestykket til Helsedirektoratet om at Norge kan spare 276 MILLIARDAR kroner årleg (2015) viss alle vaksne brukte 150 minuttar (21,42 minutt per dag) på trening kvar veke, så skulle det vere oppnåeleg. På same måte som at ein time fysisk aktivitet om dagen i skulen no er i ferd med å bli ein realitet. Men inntil då kan vi jo begynne med å bli betre på småtteritrening og nyte effekten av det.

 

Bli med! Yngvar