Big in Japan

Det kan sikkert høyres litt floskelaktig ut, men vi har to tur-reglar i familien vår: “Ut på tur, aldri sur” og “Ut på ski, alltid blid”. Eg skal ikkje påstå at vi absolutt alltid lever etter reglane, men uansett utgangspunkt, så stig humøret alltid så snart vi stig over dørstokken og traskar i veg mot marka, skogen og skisporet.

Etter få skritt er dei gode samtalane i gang, vi løyser kvardagsutfordringar, fortel historiar og diskuterer både politikk og filosofiske spørsmål. Vi utforskar bekkar, samlar på kongler, kvistar og andre skattar i naturen, vi leikar og kjem i prat med andre turglade to- og firbeinte, enten sola steiker eller regnet høljar ned.

Sjølv om det er aldri så kaldt, vått eller varmt, og sjølv om vi av ulike årsaker ikkje kjem oss like langt eller akkurat dit vi opprinnelig hadde tenkt, så er det jo aldri slik at vi angrar på turen når vi kjem heim. Vi føler oss alltid bedre av å ha fått lufta oss, bevegd oss og, ikke minst, vore saman ute i det fri. Bevegelse + frisk luft + naturopplevingar + samvær med dei ein er glad i = det beste i livet!

Og for litt sidan lærte vi av vår legevenn på snart 83 år, Thor-Øistein Endsjø (som saman med kona driv bloggen seniorlivet.blogg.no – verdt å sjekke ut!), om det japanske fenomenet Shinrin-yoku – “Skogsbading-bevegelsen”. I Japan har dei sidan 1980-talet rydda stiar, teikna opp kart og arrangert skogsturar med og utan guidar – og myndigheitene har lagt til rette med offentlige vegar og baner for å gjere det enklare for folk å komme seg ut i skogen. I dag er omlag 3-4 millioner av befolkninga skogs-badarar, og sjølvsagt har japanarane gått grundig til verks med forskning og undersøkingar som bekreftar dei gunstige effektane det å vere i skogområder har for kropp og sjel. Alle vi som elskar å gå tur i skogen kjenner oss nok igjen i mykje av det som er blitt dokumentert. Som følelsen av glede, ro og tilstedeværelse. Men nokre av funna overraskar nok også.

Her er noko av det dei har slått fast:

Regelmessig skogsbading reduserer danninga av stresshormon i kroppen, fører til lågare kolesterol, samt lågare hjertepuls og blodtrykk. Roen dempar hjerneaktiviteten, som ved søvn. Stamcellene blir aktivert slik at nye hjerneceller dannes berre av å vere i ein skog. Etter eit par timar i skogen, er skogsbadarar enda betre rusta for utfordringar som krever konsentrasjon, hukommelse og gjennomføringsevne. Studier har har også vist at det fører til mindre hjerte-karsjukdommar, og færre tilfeller av diabetes 2 og kreft. Depresjon og angsttilfeller reduseres også blant regelmessige skogsbadere. Immunforsvaret ser også ut til å styrkast.

Men kvifor skjer dette?

Terpen, kvaen som utsondrast frå alle tre, men aller mest frå unge, friske bartre verkar som ein antioksidant. Den er antiinflammatorisk og antimikrobiell, og dei gunstige effektane får vi rett og slett ved å puste inn denne dunsten frå trea. Amazing, eller kva? Det trengs sikkert litt norsk forskning for å etablerere dette som fakta her til lands også, men det virkar som alt anna enn usannsynlig at skogen har ein eller fleire x-faktorar!

Til tross for at dei fleste av oss er heilt uvitande om denne japanske forskinga, er ein del av oss her til lands flinke til å bruke skogs- og turområder til rekreasjon og trening. Men med tanke på at det kun er Belgia som i Europa har en befolkning som beveger seg mindre enn oss nordmenn, så er det nok også mange som ikkje benyttar seg av dette helsefremjande og gledesbringande gratis tilbudet.

I boka vår, Kom i form med minst mulig innsats, har vi lagt inn turgåing (eller evt transportetappar til fots og sykkel) 1-2 ganger i veka som tillegg til daglige små 5-minutters treningsøkter.
Det er noko alle kan få til, sjølv i ein travel kvardag. Har du ein skog, ein park eller eit grønt område med bartre i nærleiken, noko dei fleste av oss heldige nordmenn har, ja, så veit du kva du skal gjere!

Ut på tur – og pust inn! ;-)

Her vandrar vi i eit fantastisk vakkert – og helsefremmande:-) – skogsområde på Mallorca.

Her vandrar vi i eit fantastisk vakkert – og helsefremmande:-) – skogsområde på Mallorca.