Vår oppfordring i 2019: Ta røykepausen tilbake!

8-åringen vår, Karla, og eg har vore så heldige å få lage mange små snuttar med bevegelse til bruk i klasserommet i 1. og 2. trinn for Aschehoug undervisning. Med dette håpar vi å få inn mykje meir bevegelse og energi både i klasseromma og i kvardagen til dei små rundt om i landet. Det krev null utstyr eller treningstøy, og kan gjennomførast kvar som helst, når som helst. Nokre få minuttar er alt som trengs.

Og når eg tenker meg om, så er det egentlig meir eller mindre det samme konseptet vi har laga for voksne i den nye boka vår, “Kom i form med minst mulig innsats”. Der tek vi utgangspunkt i heime-/stove- og utandørstrening, men 5 minutters treningsøkter fungerar sjølvsagt minst like bra for oss vaksne på arbeidsplassen! 

Dei fleste veit godt kor lurt det er å bevege seg innimellom all sittinga, og slike små, aktive avbrekk er like bra for spreke folk, som for deg som vil bli sprek. Det som var fint med alle røykepausane folk hadde før, var at dei måtte reise seg opp frå kontorstolar, ta eit avbrekk frå det ein heldt på med og kanskje gå opp og ned ei trapp eller to. Eg slår eit slag for å tilføre “røykepausen” nye element – og sjølvsagt droppe heile sigaretten :-)

For parallelt med å jobbe for ein time fysisk aktivitet kvar dag i skulen, snakkar eg så ofte eg kan om å lovfeste 30 min fysisk aktivitet som ein del av arbeidsdagen. Alle barn er på skulen og veldig mange vaksne har ein jobb. Effektane av at «alle» blir meir aktive er enorme - dette er godt dokumentert. Fantastiske gevinster til kvar enkelt, og store (!) samfunnsøkonomiske fordeler ligg rett framfor nasen på oss om vi berre gjer smarte grep i dag. Fram til dette blir ein realitet gjeld det for oss alle å gjere litt innimellom.

Så folkens – la oss i 2019 ta tilbake dei 5 minuttane vi alle har rett på kvar time i løpet av arbeidsdagen, og bruke minst ein eller fleire av dei daglig på noko som verkeleg gjer susen, aleine eller saman med ein god kollega eller sju!

#dennyerøykepausen 

To fluer i en smekk: Rydd kontorpulten (eller kjøkkenbordet) og få et genialt treningsapparat!  Foto fra boka, fotograf: Astrid Waller

To fluer i en smekk: Rydd kontorpulten (eller kjøkkenbordet) og få et genialt treningsapparat!

Foto fra boka, fotograf: Astrid Waller

Foto fra boka, fotograf: Astrid Waller

Foto fra boka, fotograf: Astrid Waller

Den gamle røykepausen. Meg i Milano 1998. Slutta å røyke i 2002. Veldig fornøgd med det.

Den gamle røykepausen. Meg i Milano 1998. Slutta å røyke i 2002. Veldig fornøgd med det.