Klimahelse

Den siste tida har eg vore på fleire ulike arrangement om alt frå trening til ytringsfridom – både som publikum og bidragsytar. I tillegg har eg – som vanlig – høyrt på ei rekke podcastar om politikk generelt. (Liste over favorittar i botnen). Politikk er fascinerande, moro, engasjerande og til tider temmelig deprimerande. Men aldri kjedelig – og alltid lærerikt!

I dag fekk eg ei slags eureka-oppleving av kva det er som hindrar oss frå å sette i gang med skikkelige tiltak på dei to områda som engasjerer meg aller mest: Klima og helse.

For litt sida høyrde eg folkehelseminister, Åse Michaelsen, skryte, ekstremt velfortent, av treningslegen Ole Petter Hjelle. Han burde vere eit ideal for alle legar rundt om i landet! Hjelle og kollegaene har brukt eit par timar av legetida si kvar veke på å fysisk trene pasientane sine. Dette har gitt oppsiktsvekkande resultat. Verdas beste medisin har ikkje berre funka bra, den har fungert heilt fantastisk bra!
Likevel konkluderer Michaelsen med at «dette kan vi jo ikkje tvinge legane til å drive med».
Eg les utsagnet hennar slik: Legane har viktigare ting å holde på med.
Men kva kan vere viktigare jobb for ein lege enn å gjere pasientane sine friske – og det med ein medisin fullstendig utan bieffektar?!?

Helsedirektoratet kom med tall i 2014 som sa at dersom alle var aktive nok (dvs. i aktivitet 150 minuttar i veka) ville Norge vinne 240 milliardar årleg. Legg ein til berekningane frå det same direktoratet på verdien av at alle held seg til deira kostholdsråd; 150 milliardar, vil ein komme fram til ein næring som er mykje meir verdt enn heile petroleumsindustrien.

Likevel tar ministeren og mange andre det som den største sjølvfølge at legane ikkje skal benytte seg av verdas beste og enklaste medisin for enkeltmennesket, folkehelsa og landets økonomi. Og plutselig gjekk det opp for meg at klimaspørsmålet blir behandla på samme måte.

Ingen er lenger i tvil om at vi må ta tak no (unntatt Carl I Hagen og Donald Trump). Når det blir alvor og dei viktige «gutta» skal ta beslutningar, i politikk og næringsliv, så kjem likevel ikkje klimatiltak høgt nok opp på agendaen. Fellesnevnaren er at dei «ansvarlege vaksne» som er beslutningstakarar ser på både klima og forebyggande helsearbeid som noko fint og flott, men utan nok betydning til verkeleg å nå opp. Er det fordi begge deler handlar om omsorg og omtanke, for henholdsvis menneske og jord? Framstår avkastninga som emosjonelt, framfor rasjonelt og økonomisk viktig?  

Senterparti-politikar Geir Pollestad var den andre av tre som sa noko heilt ærleg og deprimerande her for litt sida, under ein paneldebatt på ein klimafrukost: «Det er godt mulig at det er bra å ete mindre kjøtt, men det har eg ikkje tenkt å seie høgt».

Eg trur veldig enkelt at opp mot nok «viktigare» så vil/tør ikkje verken Pollestad, Michaelsen, Trump eller Solberg å gjere anna enn å pisse i buksa. Klima og helse har nemleg ein anna fellesnevnar. Det vil lønne seg økonomisk å trå til med vanvittige tiltak akkurat no. Kva vil for eksempel den forventa masseflukta frå fattige land føre til, når klimakonsekvensane verkeleg slår til?

Og kva ventar vi på når investeringa i at kvar skuleelev får ein time fysisk aktivitet kvar dag er forventa å komme tilbake 27 (!!) ganger?

Det ansvarlege og vaksne er ikkje stø kurs, men radikale endringar. Vi menneske har laga systema vi lever i. Dersom noko ikkje fungerer, er det ikkje berre i vår makt å endre det som er ansvarleg å endre. Det er også vår plikt.