Ny treningsbok!

Hatar du å trene, men innser at det hadde vore bra for deg? Eller har du berre ikkje tid, ork eller overskot til å komme deg på trening?

Her er den nye boka som Liv og eg har laga til deg og alle andre som mislikar eller manglar tid og motivasjon til trening, men som innser at det hadde vore lurt. Vi har kalla den "Kom i form med minst mulig innsats" – rett og slett fordi det er dette boka handlar om: Korleis du blir sterkare, sprekare, slankere og gladere, uten å måtte bruke masse tid og krefter på det.

Kor lite må du yte for å nyte, liksom :-)

Når eg held foredrag, spør eg alltid, med ein stor dose knusktørr humor, om folk synes det er lurt å trene litt. Eg har aldri fått anna enn ja og/eller nikk tilbake. For alle veit det jo egentlig. Litt er så UENDELIG bedre enn ingenting. Litt er også vegen til meir – og eventuelt mykje, om det skulle vere ønskelig. For ein må jo alltid begynne ein stad, uansett kva mål ein har sett seg! 

Mange har ikke all verdens tid til eller interesse av å trene. Og det må jo vere greit! Det er berre det at det gjer så vidunderleg godt – for alle! 

Oppskrifta i boka går derfor først og fremst ut på å dyrke fram korte, hyppige, effektive treningsøkter. Bitte litt kvar dag. Det blir ein god del til saman, men endå viktigare – det gir daglege påminnelsar om kor godt det er å bevege seg og å bruke dei fantastiske musklane våre som hyler etter å få jobbe litt.

I all hovedsak handlar oppskrifta vår om "5 om dagen". Fem minuttar med god trening kvar dag, som alle får til, og som kjem med ein sterk advarsel: Etter fem minutter er det fare for at ein vil gjere meir. Og det er i så fall heilt greit! 

Verdas beste medisin – trening – er ikkje alltid kjempegøy, men fordelane og effektane både her og no, og for framtida, er så enorme at eg meiner at vi ikkje kan la vere. Og det er ikkje store dosane som skal til! Du må berre vite korleis du gjer det. 

Skulle du sjølv eller nokon andre du kjenner trenge ei hand å holde i for å komme i gang, så kan du forhåndsbestille boka vår Kom i form med minst mulig innsats her – til ein ekstra fin pris. 

Send oss ein mail her om du vil bestille ei signert bok til deg sjølv eller i gåve.

:-) Yngvar

PS.
Tre superdamer har vore med i bokteamet vårt:
Foto: Astrid Waller
Design Hanne Løvdal/ Lovedale Studio
Styling: Sara Skjold

 Coveret på den nye boka vår :-)

Coveret på den nye boka vår :-)

 Her er både forside og bakside :-)

Her er både forside og bakside :-)