Gratis transport-trening to the people

Det er lett å irritere seg over tida det tek å komme seg rundt i ein by. Venting på bussen, søndagskøyrarar i mandagsrushet, leiting etter parkering, raude lys og trafikkkorker... Lista er lang over mulige – og vanlige – hindringar for framkomsten. Eg har aldri hatt lappen og eg har heller aldri vore blant dei som har fått til å regne «eventualitetar» inn i tidsberekningane mine. Noko som mellom anna har ført til mykje frustrasjon over kollektivtransporten opp igjennom åra, råkøyring på sykkel og at eg i ein altfor lang periode hadde daglige samtalar og turar med Oslo Taxi.

Men 7. april 2016 skjedde det eit stort vendepunkt i måten eg flyttar meg rundt på i byen. 

Denne dagen hadde eg fire møter på fire ulike stadar i byen. Sykkelen var på reparasjon, eg (og kanskje spesielt Liv) var ferdig min overdrevne bruk av taxi, og det var knapt med tid mellom møtene. 

Eg sjekka ruter.no for å finne ut kor lang tid det ville ta mellom dei ulike møteplassane – Grünerløkka, Frogner, Majorstua og heim til Tåsen. Og så bestemte eg meg for å konkurrere mot transportgiganten. 

Løpesko og ein god sekk med skiftetøy på ryggen var alt som skulle til. Her er runden som revolusjonerte mitt forhold til transportetappar: 

Etappe 1: 3 km lett jogg

Etappe 2: 3 km middels intensitet

Etappe 3: 2 km høy intensitet

Etappe 4: 4 km maksfart

Eg vann lett og ikkje spesielt sveitt to av etappane, nummer tre tapte eg med knapt eit minutt. Den siste vann eg med to minuttar etter å ha gått heilt i kjellaren. Det passa bra sidan eg då kunne hoppe rett i dusjen heime. 

Alt i alt: Eg vann tre av fire etappar, hadde fire bra møter med masse energi, og eg fekk fire fine løpeøkter på til saman 12 km – heilt gratis og veldig meiningsfylt.  

For meg var det overraskande kor fort ein kan bevege seg til fots i byen, samanlikna med kollektiv, sykkel og, ikkje minst, bil. Eg brukar framleis sykkelen mykje, og i blant kollektivtransport, men å springe er blitt framkomstmiddel nummer ein. Spesielt til avtaler der eg skal prestere, som på radio, tv og i foredrag, gir det å springe og vere i bevegelse i forkant ei rekke fordelar. Eg får tid til å gjennomgå det eg skal seie og å forberede meg mentalt. Når eg er nervøs får eg meir kontroll på spenningsnivået. Viss energien er låg får eg opp spruten, og eg blir meir konsentrert. Og så vidare.

Eg har også rekna meg fram til at eg i år i gjennomsnitt har fått 11,5 kilometer «gratis» løping i veka frå transportetappane mine, og det betyr sjølvsagt mykje for den fysiske formen min også. På to år er det blitt 1500 gratis løpekilometer!

Transportetappane har også vore medverkande til at eg har gått frå å like å løpe til å elske det. Og eg har gått frå å vere treg med å skifte til å bli lynrask. Til felles med mange andre nordmenn er eg blitt glad i å telle kilometer, og er grådig etter dei eg får gratis, enten det er til og frå jobb eller barnehagen. 

I byar og tettbygde strøk er det mulig å ta beina fatt til mykje av det vi skal, men eg er sikker på at det går an å få til mykje på mindre stader også. Og berre så det er sagt: ein MÅ jo ikkje springe – ein kan jo gå også!  

Store delar av befolkninga har utvilsomt kroppar som lengtar etter meir bevegelse og fysisk aktivitet – og ved å bruke beina – og hovudet – kan vi få i pose og sekk: #ingentidtapt og samtidig veldig god treningseffekt som ikkje kostar deg ei krone!

P.S. Eg har god erfaring med å vere litt seint ute – det gir alltid ekstra fart på løpinga!

:-) Yngvar

 

 Gutten som kappløp med trikken. Eller kanskje mann vs ruter?

Gutten som kappløp med trikken. Eller kanskje mann vs ruter?