Kan eg trene sjølv om eg er sjuk?

“Alle” snufsar, hostar og nys om dagen. Forkjølelses- og influensasesongen er over oss – samtidig som mange har lyst til å starte året med å bli litt sprekare enn i fjor.

Så korleis var det no igjen … Kan ein trene sjølv om ein er sjuk?

Eg veit ikkje kor mange gonger eg er blitt spurt om dette. Og det er ikkje så rart. Hovedmålet med å trene (for dei fleste av oss) er jo å hente ny energi og overskot – ikkje å tære på kreftene og slite ut kroppen slik at ein, i verste fall, blir i enda dårlegare form enn ein allereie er.

Svaret på overståande spørsmål er derfor: Tja, det spørs litt.

Alle som kjenner meg veit at eg ikkje er spesielt glad i slike tvetydige svar, men når det gjeld trening og dårlig allmenntilstand, så er det umulig å gi eit konkret ja eller nei. Men for å prøve å redde meg litt inn, så er det kun ved alvorlig sjukdom, aktiv infeksjon i kroppen eller feber du absolutt ikkje skal trene. Har du ein skade skal du sjølvsagt ta hensyn til den, men du kan jo framleis trene andre deler av kroppen.

Innimellom er vi alle litt pjuske og kjenner at vi er litt slappe og slitne. Då er det ikkje lurt å trene hardt og lenge. Men det kan vere lurt å trene litt og rolig. Strekke litt på seg, aktivisere muskulaturen og kanskje få seg ein liten gåtur i frisk luft.

Dei siste dagane har ungane og eg lufta Liv, med rennande nase og vond hals, og vi “registrerar”, som politikarar diplomatisk pleier å seie, at dette både har gjort henne blidare og meir vennlig innstilt til omgivelsane. I tillegg har ho klart å gjennomføre tannpussen i djup hockey, slik ho har gjort dei siste 7 månadane.

Så kjenn etter korleis du har det i kroppen. Eit råd som for øvrig alltid er smart. Og gi deg sjølv litt av verdas beste medisin; trening, om du føler deg i form til det. Berre tilpass dosen etter forholda. Og gi kroppen ein mjuk start etter at du føler deg heil pigg igjen også, før du køyrer på igjen, med januar-iver og bånn måk, slik du hadde tenkt. Hugs at det er mange dagar igjen av 2019!

God bedring (viss du treng det) – og lykke til!

PS. Teksten er lest og godkjent av Liv :-D

Nokon gonger føler ein seg friskare av å berre vere i eit “sporty miljø” også :-)

Nokon gonger føler ein seg friskare av å berre vere i eit “sporty miljø” også :-)

liv loftesnes3 Comments