Om livet utan bil, armringar, sparte pengar – og korleis ein får barn til å bli glade i å gå

Når vi er ute på tur, i marka, skogen eller byen, får vi rett som det er høyre kor “flinke” ungane våre er til å bruke eigne bein.

Og det er dei – vi har ikkje bil og brukar berre kollektivtransport når vi må eller det er mest praktisk. Det er både bra for miljøet og bra for oss. Vi får gratis trening, gratis pause i kvardagen og gratis framkomstmiddel. Du verden så mykje pengar og tid vi sparar på å ikkje ha bil! Dekkskifte, EU-kontroll, reparasjon, parkeringsjakt, parkeringsbillettar, bilvask, vedlikehold, drivstoff … Vi er også svært takknemlige for at dette ikkje er ein del av kvardagen vår lenger!

Vi har busett oss smart, med tanke på å kunne leve bilfritt. Vi kan gå til sentrum på 40 minuttar, løpe dit på 20. Skogen og marka er ein 15 minuttars spasertur unna og ungane har kun 500 meters gåavastand til skule og barnehage. Vi vaksne har heimekontor. Dette hjelper på. Og som alltid synes eg det er greit å presisere: Hadde vi budd der vi kjem frå (Sogn og Fjordane), hadde det nok vore vanskelegare å gå til alt.

Men i Oslo , i 2019, synes i alle fall vi, at det er veldig greit klare seg utan bil. Klar det kan vere transportbehov ein gang i blant.  Men det finns leigebilar, nabobilar og alleskens andre tilbud tilgjengelige dersom ein skal på hyttetur eller besteforeldrebesøk. 

Det er ikkje slik at minstejenta aldri ber om å bli båren på skuldrene til barnehagen. Det er heller ikkje slik at ho aldri blir båren. I blant gruer vi oss for å ta på støvlar og vasse ut i regnet eller for å fryse rumpa av oss i bitande kulde. Men alltid, ALLTID føles det herlig å ha bevegd seg og å komme inn i varmen igjen etter å ha komme seg fram på eiga maskin.

Men tilbake til dette med å få ungane til å gå sjølv. 

Ut på eventyr saman med jentene på vakre Mallorca. Bedre blir det ikkje.

Ut på eventyr saman med jentene på vakre Mallorca. Bedre blir det ikkje.

Det er klart at det er enklare når ein ikkje eig ein bil og alle er innforstått med at skal vi noko, så må vi bruke beina for å komme oss dit.  Men det er også andre like viktige grunnar til at vi har fått ungane til å bli glade i å gå, enten det er i fjellheimen på Mallorca eller langs Akerselva i Oslo:

1) Så lenge det ikkje er striregn eller snø får dei gå i lette joggesko. Og vi kler dei lett slik at dei ikkje blir for varme og det ikkje blir tungt å bevege seg. (Men har sjølvsagt med ekstra tøy i sekken). Eg skjønnar veldig godt kvifor ungar med tunge støvlar og enorme utedressar hatar å gå tur. Det hadde eg gjort også!

2) Vi unngår å ta mange pausar. Mellomste jenta vår på 7 år, har frå ho var 4 år rekna det vi vaksne kanskje hadde kalt “flyt”, i “armringar”. Etter ei stund i aktivitet kan ho seie at ho har 6 armringar, og når det er skikkeleg flyt er ho oppe i 20. Ho vil gjerne ikkje stoppe heilt opp, for då mistar ho armringane som ho har samla seg.

3) Vi har tatt med barna på tur frå dei var bitte små, delt naturopplevingar og gleda oss over alle små og store under naturen byr på, frå bekkar til røyskattar, bær, sopp og kongler til skyer som ser ut som dyr. Men altså - sjølv om ein ikkje har gått mykje på tur saman før, er det aldri for seint å begynne. Naturen står klar til fri og gratis utforsking for alle - når som helst!

4) Vi vaksne hjelper alltid til når det trengs på ski og på sykkel. Vi dyttar litt opp bakkane, hjelp til om det er skummelt nedover, og drive så lite masing og pushing som mulig. Vi har også frå tidleg av unngått hyppig premiering i form av godteri og søtsaker. Frå mine svigerforeldre har vi lært begrepet ”snugodt”. Vi har alltid med ekstra fristande nistemat med ”snugodt” når det er på tide å snu eller vi skal ha hovedstoppen på turen. Men slikt treng ikkje vere klassisk godteri – frukt og bær, grønnsaker i stavar, lomper med godt fyll, som nøttesmør og honning, smoothies, nøtter, heimelaga energibarar eller mørk sjokolade er alltid populært.

Med ønsker om ei strålande turhelg.
Vi satsar på skitur på laurdag!

:-) Yngvar