Team Andersen

Eg skuldar Team Ingebrigtsen ein stor takk. Etter at dei to eldste jentene mine hadde sett sesong 2 av Team Ingebrigtsen på NRK, kom dei høgtideleg til meg og spurte om eg ville ha jobben som trenaren deira. Dette blei gjort med eit slikt alvor at eg blei skikkeleg rørt. Eg takka sjølvsagt ja. Eldstejenta mi, Karla, på 8 år vil bli lengdehoppar, tresteghoppar og skisprintar. Mellomste, Franka, på 6, skal bli løpar. Ho vart rørt til tårer då ho var fire år og såg Almaz Ayana frå Etiopia sette verdsrekord på 10 000 meter i Rio OL. «Ho spring så vakkert, mamma og pappa», sa ho mens tårene trilla. Ingebrigtsen-gjengen har dei også vore veldig interessert i, og det samme har eg. Vi har fått med oss at det er veldig mange ulike meiningar om dei, og om min «kollega» Gjert aller mest. 

Eg synes Gjert seier mykje som verken er oppbyggande eller spesielt konstruktivt. Eg trur han har vore utruleg heldig som har ein del barn og etterkvart vaksne som toler kolosalt mykje både fysisk og ikkje minst mentalt. Men, når eg ser tv-serien og les boka til Gjert, “Hvordan oppdra en verdensmester”, (har ikkje særleg andre kilder), så trur eg at eg forstår kvifor det fungerer så godt. Det ser ut til å være eit fantastisk samhold i familien. Gjert bjeffar og Henrik kverulerer, men dei verkar å være grunnleggande glade i kvarandre. Både løparar og ikkje-løparar støttar og heiar på kvarandre, og tek godt vare på dei nye tilskota i familien. Og mamma Tone held det heile saman på ein fantastisk måte. Ho er vel den coachen som ein del har etterlyst i Gjert. Den som går litt stille i dørene, men som kanskje kjem inn med dei avgjerande orda når det trengs, a la Marit Breivik. 

Mange hyller Gjert. Minst like mange er lite begeistra. Enkelte ønsker å bli den neste Gjert, andre advarar sterkt mot dette. Eg trur at Gjert fortjener all den hyllesten han får for det treningsregimet han er «diktator» for. Der må han rett og slett ha sydd saman eit opplegg som er fantastisk. Men uansett så er det slik at dei fleste Gjert-kopiar som har vore, og som vil komme, kjem til å mislykkast totalt. At dei ikkje vil klare å klekke ut verdsstjerner i ein eller anna idrett er mindre viktig. Men tenk å bli vaksen utan å oppnå ei einaste sponsorkrone og kun ein knapp medalje frå NM for 13-åringar, når mor og far har «ofra» alt for å få ein Aamodt, Ødegaard, Nordthug eller ein Ingebrigtsen. Dei har det ikkje så lett, og det er dessverre veldig mange av dei rundt om. Vi veit berre ikkje kven dei er.

Eg tek jobben min for teamet vårt alvorleg, og målet er heilt enkelt at jentene skal fortsette å vere så glade som dei er no i løping, hopping, volleyball, langrenn, turning, dansing, styrketrening og sjakk som dei er no. Tegning, boklesing og sang også, for den del. (Til info: Jentene er ikkje med på ein einaste aktivitet etter skulen. Det kunne sjå ut som vekeplanan var vel full). Lykkast vi med å vidareføre denne gleden gjennom tenåra og inn i vaksenlivet, er eg sikker på at dei kan bli verdsmeistrar om dei framleis skulle ønske det – eller rett og slett bli vaksne damer som trener litt kvar dag utan spesielle mål utanom det å ha det kjekt og å nyte dei fantastiske, umiddelbare og langsiktige effektane god trening gir. Slik som pappaen deira har det med trening no, som 44-åring. Og eg meinar beint fram at det er det høgaste treningsnivået ein kan vere på. :-)

Eg har fått ein tøff jobb, men eg er altså veldig optimistisk, og eg tar med meg alt eg kan av god inspirasjon og all kunnskap eg får tak i frå alle spennade og dyktige folk der ute. Det gjeld så absolutt også Gjert Ingebrigtsen, sjølv om det garantert blir mindre kjefting og smelling og (litt) mindre kontroll av kjærestar her i huset. I hvert fall det første. Så får vi sjå kor det går. :-) 

 

Team Andersen i sporet :-)

Team Andersen i sporet :-)