«At ikkje dei hatar meg intenst»

Eg sit på kjøkkenet i huset vårt på Tåsen, i Oslo, i Norge, takknemlig for å vere heime igjen etter ei veke borte frå familien min. Eg har hatt ein fantastisk jobb på treningscamp på Rhodos, og på heimvegen la eg inn eit snarbesøk hos Dråpen i Havet, i Skaramangas flyktningeleir utanfor Aten.

Sist gang eg var der, i april i fjor, såg det mørkt ut. Leiren var i løpet av eit års tid blitt fullstendig forfallen. Fleire hjelpeorganisasjonar hadde trukke seg ut og ting verka ute av kontroll. Det var så leit å sjå korleis kvardagen hadde blitt endå verre for dei som bur der.

Men denne gangen fekk eg inntrykk av at ting hadde snudd til det betre. Småbutikkane hadde dukka opp igjen, dei knuste rutene var blitt reparerte og dei synlege rusutfordringane var der ikkje lenger.

Eg vart rørt over den forskjellen nokre få mennesker kan gjere, gjennom å hjelpe, støtte, heie, oppmuntre og vere lyspunkt i kvardagen for små og store. Som far, vart eg ekstra glad for å sjå korleis det søkande barneaugene i leiren, så ofte lyste opp av eit «hei», eit dytt på huska eller over muligheiten til å lære litt engelsk av nokon av dei fantasiske frivillige «dråpane» som kjem frå Burundi, Usa, Irland, Australia, Norge og mange andre land.

Det er mildt sagt fortvilande at denne innsatsen er nødvendig. At mange barn og vaksne lever og dessverre kjem til å leve i slike leirar i mange år. Ein god del som er der, er heilt aleine utan familie og venner, dei anar ikkje kva som vil skje med dei, og dei er utan muligheiter til å kunne påvirke si eiga skjebne.

Når eg, som sjølv er halvt marokkanar, halvt norsk, er i leiren i Aten, trur alle naturlegvis at eg er ein av dei som held til i der. Det som gjer at eg kan reise kor som helst i verda og dra heim til kjøkkenet mitt og familien min på Tåsen når eg vil, er ei lita raud bok

Eg slit med å absorbere alt det dette dokumentet gir meg – og deg – muligheiten til. «At ikkje dei hatar meg intenst», tenkte eg då eg vinka «ha det» i går. Eg trur nemleg at eg sjølv kunne ha tenkt det, om «eg» hadde komme på besøk til «meg» i leiren. Der eg sat og hadde så jævelsk mykje eg hadde lyst å vise verda at kunne bidra med.

Kanskje hadde eg klart å holde meg positiv eg også, gjennom dei aktivitetane som faktisk skjer i leiren. Fotballtrening, engelskundervisning, sying, yoga, låne bøker på «library of hope» og sikkert fleire ting eg har gløymt. Men kanskje ikkje.

Eg kjenner på eit vannvittig raseri over korleis vi mennesker har klart å lage så mykje fanskap for oss sjølve. Eg kom til å tenke på eit tall som Antonio Guterres, FN sin generalsekretær, kom med i  fjor i sin visjon for global nedrustning:

I 2017 brukte vi mennesker 1,7 trillionar dollar på våpen. Dette er 80 (!!!) gonger det vi treng for å eliminere all fattigdom på planeten. Grunnen til at dette dukkar opp i dag handlar vel om at eg har tenkt så mykje det siste døgnet på kva vi kan gjere for å hindre at vennene mine i Skaramangas, og mennesker i alle andre flyktingeleirar rundt om verda, skal fortsette å leve liva sine i leirar. Korleis vi skal unngå at små og store skal måtte stå på vent i ein slags trykk-kokar, der fargane i livet er prisgitt nokre få enkeltpersonar som sjølvsagt berre har begrensa muligheiter til å bidra – tross alt.

Eg lagar ikkje ein innsamlingsaksjon for Dråpen i Havet denne gongen. Eg er litt redd for at det skal gå inflasjon i slike innsamlingar på Facebook, og at det kan vere både skummelt, og kanskje fortvilande, for alle som føler sterkt for ulike saker, men som kanskje ikkje får pengar eller merksemd.

Men kan du bidra økonomisk til dei gløymde leirane, så vil det bli sett umåteleg stor pris på – og det trengs verkeleg! Viss du har muligheit til å reise ned i ein kortare eller lengre periode for å hjelpe, så ta kontakt her.

Her heime på kjøkkenet pakkar eg ut frå reisa, og stryk handa mi ein ekstra gang over passet mitt, før eg legg det på sin faste plass. Før kunne eg vere i uvisse om kor passet mitt var, og måtte gjerne leite gjennom mykje rart for å finne det. Både på grunn av minimalismen i huset siste tre åra, og ikkje minst på grunn av oppholda mine i Skaramangas, er eg veldig opptatt av å ta godt vare på, og å behandle den fint, denne latterleg verdifulle, vesle raude boka.

Her er eg saman med tre av “Dråpane” som bidreg til ein betre kvardag i leiren: Mustafa, Adams og Johan.

Her er eg saman med tre av “Dråpane” som bidreg til ein betre kvardag i leiren: Mustafa, Adams og Johan.

Det tok mange år før eg forsto kor verdifull denne vesle boka er …

Det tok mange år før eg forsto kor verdifull denne vesle boka er …

Koordinator Milli i aksjon.

Koordinator Milli i aksjon.