Kvifor ”meir med mindre-Yngvar” er sprekare enn ”Puls-Yngvar”

Vi har kvitta oss med veldig mykje ting og rot det siste året. Vi har fått ein heim som ikkje er stram og velorganisert, men som rett og slett inneheld dei tinga vi treng og er glade i. Det er blitt lett å finne det vi treng i hyller og skap, og det tar aldri lang tid å rydde huset.  

I store delar av vaksenlivet har eg ivra veldig for kvardagstrening. Sidan eg aldri har hatt verken lappen eller bil, har det på dei 26 åra etter at eg kunna ha begynt å køyre, vore ein god del gratis aktivitet i form av sykling og gåing for å komme fram. (Og i ein periode riktig nok ekstremt mykje taxi, men det kjem eg tilbake til i ein annan post …) På tv viste eg gjerne fram litt krydra variantar av slik innimellom-trening, som å trene biceps-curl og gåande utfall med handleposar (ein morsom parodi-favoritt for komikarar). Eg gjorde og gjer slike ting fortsatt. I veldig mange år trena eg ein til to gonger i veka. I tillegg til nemnte kvardagsaktivitetar vart det ein del til saman. Eg var i rimelig bra form og ganske fornøgd, ettersom det ikkje hadde vore hyggelig for verken meg eller andre å presse meir trening inn i den allereie sprengfulle timeplanen. Det hadde gått ut over noko eller nokon. Men i løpet av prosessen med å selge, gi bort og kaste alt vi ikkje er skikkeleg glade i eller brukar ofte, skjedde det noko uventa. Eg fekk plutselig mykje meir tid!

Per no har eg rekna meg fram til at eg (ikkje vitskaplege målingar) har vunne cirka to timar kvar dag på å leve med færre ting.

Eg har veksla desse to daglege timane med rot, leiting, rydding og husarbeid inn i omtrent like store deler tid med familien, jobb og trening. Av dei tre er det førstnemnte som har vore i førarsetet sidan vi fekk barn i 2010, og slik vil det sjølvsagt alltid vere. Men eg har gjennom å trene 5-7 timar kvar veke, heller enn 2-3 timar som var vanleg før ”den store omveltinga”, funne ut at eg elskar å trene. Det er rett og slett ein av dei beste tinga i livet mitt. Tidlegare har eg alltid likt det, men har og klart meg fint utan også. Den tida er over og vil aldri komme tilbake. Grunnen til at ”meir med mindre-Yngvar” er sprekare enn Puls-Yngvar, er at den eldre varianten trenar ein god del meir enn den yngre – utan at det går utover noko anna i livet i det heile tatt. Om andre kan ha så store tidseffektar av å ha eit meir med mindre-prosjekt er sikkert tvilsomt. Sidan eg er, og var, så ekstremt rotete. Men kva med å få ein halvtime meir kvar dag? Brukar ein den til trening er vi på ein måte i mål – i følge #anbefalingane …

44.jpg