NOK – igjen!

Hausten 2016 starta vi det store meir med mindre-prosjektet vårt. Vi hadde fått nok av alle tinga som sto i vegen for det vi eigentlig ville bruke tida vår på. Nok av rot, rydding og leiting. Plast, søppel, forbruk, forureining, utslepp og fotavtrykk har alltid vore langt framme i pannebraskane våre. Også før det store skiftet vårt. Liv var blant anna ivrig Blekkulf-aktivist som sette sjølvskrivne «Stopp tomgangen, du forrurenser lufta vår-lappar» på bilane i Sogndalsfjøra allerede på 80-talet J

emanuel-hahn-191569-unsplash-1100x1467.jpg

Men til tross for våre grønne hjerter og at vi er svært bevisst på å ikkje kaste brukande ting, har den blå posen vår (plast i Oslo) vore ganske så lett å fylle opp likevel.

Men forrige veke såg eldstejenta, Karla, det første programmet i den fantastiske NRK-serien Planet Plast på skulen. Ho kom heim med eit slikt engasjement rundt søppel og plast at det både var rørande og smittande. Ho insisterte på å reise rett ut å plukke søppel i gatene. Det endte med 1,5 kilometer med søppelplukking, springing og litt stretching/styrke (far er veldig god på innimellomtrening :-)) for å få tak i alt. Totalt samla vi den dagen ein heil, svær søppelsekk berre her i nabolaget.

Vi har halde fram med  plastplukkinga utover veka, og no vil vi for alvor minimere plastmengda inn i huset. Vi set ikkje målet så høgt som Zerowaste, men vi har som mål at det no skal ta mykje lengre tid å fylle den blå posen. Og, vi vil ikkje prøve å sleppe unna Kringkastingsavgifta, sjølv om vi ikkje har tv lenger. Planet Plast er aleine verdt heile avgifta.

Det er STORE utfordringar vi står overfor. Og kanskje gjer det ingen forskjell at vi prøver, slik i det små. Men eg meiner uansett at det er har ein stor personleg verdi å gjere det vesle ein kan gjere for å berge planeten. Og at store ting har skjedd før fordi mange nok har krevd endring.

Plastforbruket i verda, i lag med klimaendringane, er ein så heftig coctail og så eskalerande, at sjølv eg, som er no 44, kan komme til å leve så lenge at det blir Ragnarok i mi levetid. Viss vi ikkje vi kliner til og får til endringar no!

Det som er fint er at ting faktisk skjer. Ei av landets største daglegvarekjeder kuttar ut plast rundt avokadoar. Berre dette grepet vil minke plastmengda med 30 tonn årleg. Det har også dukka opp butikkar, i alle fall her i Oslo, der ein kan ha med eigne glas, flasker eller bruke papirposar når ein handlar matvarer, slik som i gamledager. Måtte dette berre spre seg! For i dag er det nærast umulig å komme heim frå butikken utan plast.

Ein anna ting er at søppel, og plastsøppel spesielt, heilt sikkert kjem til å bli framtidas gull. Eg las nettopp om at fiskarar skal få lov til å levere søppel i alle havner. Ganske snart vil dei, og vi andre, kunne få betalt for å levere alle former for søppel, ikkje berre gjennom panting av flasker og boksar. Eit vennepar av oss som for tida bur i Sydney i Australia, kan fortelle at ein i butikkane der blir uglesett dersom ein ikkje har med eigne bærenett når ein handlar. Mange kafear gir også rabatt på kaffien om du har med eigen kopp.

Eg trur på å kline til no. I vår familie er vi i alle fall klare for å komme på eit langt høgare – eller strengt tatt lågare – nivå kring søppel. Velge bort plasten der vi kan. Samt forsette med ein av trendane innan trening der ute: Pogging. Ha med ein plastpose eller tre på gåturar og joggeturar og fyll dei med det du finn på din veg.

Line, programleiaren i Planet Plast, hadde eit flott bilde på kor mykje det tross alt kan bety viss vi trør til med noko så enkelt som å plukke opp litt av søppelet vi ser rundt oss: Dersom alle innbyggarar i landet plukkar opp ein plastbit kvar dag betyr det fem millionar bitar søppel. Det vil då gå ein anna plass enn i havet (eller grøftekanten) og heller ikkje vidare i magen på eit eller anna levande liv.

Det er nok no. La oss prøve!

Yngvar

 

Ps! I dag, 22. april, er det Earth Day, til støtte for miljøvern over heile verda. I år er fokuset å få ned plastforbruket vårt.