Tricolorbowlbonaza!

Her i heimen har vi hatt stor suksess med å ha tre fargar på bowlen til frukost. Kjør ein «bowl-base» utan bær i blenderen av kefir, bananer, ein stor bit fersk ingefær, vaniljepulver, havregryn, chiafrø, rå egg (vi lovar, det blir supergod!) og sitron. Hell cirka 1/3 av dette i ei skål. Voíla: Lys farge.(Tilsett evt. ein neve jordbær eller rips for å få fargen på bildet).

Ha i avocado og spinat. Grønn! Ha i blåbær eller aronia – eller rødbete og litt ekstra banan. Lilla eller mørkrosa! Resultat: Moro å lage, supergod smak, mykje entusiasme og tre små og to store magar som får ein strålande start på dagen.

Tips: Gurkemeie gir «bowl-basen» påskegul power-glow, spirulina gir grønnfargen eit ekstra kick, medan gulrot eller søtpotet saman med mango gir ein dus og nydelig oransje-farge… Og så har du jo vår nye, brune favoritt, sjokolade-varianten, med banan, kokos og kakao…

51.jpg
MATA Design StudioComment