Ski til glede og besvær

Langrenn skaper sterke følelsar hjå folk. I det siste har det vore mykje snakk om kor vidt det er usympatisk å legge ut bilder av ungar med ski på beina i sosiale medier. Det viser seg nemlig at mange slit med å få ungane sine ut på skitur. Her i huset har det aldri vore noko problem å få dei minste med på tur. Dei elskar langrenn alle tre (sjølv om ho på to år strengt tatt sit mest i pulken enda). Den store styrkeprøven for meg, derimot, har vore å få min bedre halvdel til å ville gå på ski. Da eg møtte Liv mislikte ho alt som hadde med ski å gjere. Eller rettare sagt: Ho hadde knappast gått på ski, ho hadde aldri sett eit heilt skirenn på tv, og ho var overbevist om at skismøring besto av å kline litt av kvar tilgjengelig farge under skia – for å vere ”forberedt på alt”. Kanskje ikkje så rart at bakkane virka uoverkommelige (ein gli fram, to tilbake) og at det var så som så med tempoet og skigleda.

Sjølv har eg alltid vore utrulig glad i å ha ski på beina. I tillegg til at eg har jobba som personlig trenar i mange år og har motivert og inspirert andre til å bli glade trening av ulikt slag. Så etter at vi hadde vore kjærestar ei stund, bestemte eg meg for å lære denne, på alle andre områder fantastiske dama, å like langrenn. Eg var sikker på at det skulle gå som smurt. Så feil kan ein ta.

619450922886062.J2ruh4jVB15cOTvTTAVs_height640.png

Det tok nemlig nærmare 15 år å få Liv til å ta på skisko – heilt frivillig. Og sjølv om eg verkeleg prøvde, ser eg i ettertid at eg gjorde ein del taktiske glipp, for å seie det mildt … Her er nokre av dei. 2002: Eg bestemmer meg for å ta med Liv dei ti minuttane det tar å køyre frå barndomsheimen min til Turtagrø, Norges beste utgangspunkt for toppturar. Det var 15 varmegrader, ikkje ei sky på himmelen og masse snø. Eg ville så gjerne vise ho kor fint dette med ski og fjell kunne vere. Ettersom Liv mangla ski, måtte vi stunte og fekk vi låne eit par vanlege, veldig tynne langrennsski og feller.

Vi skulle gå frå 850 m.o.h. til 2150 m.o.h., og Liv gjekk så det susa oppover. Skikkelig opptur på alle vis! Men då ho i full fart nedover, 15 meter frå toppen, braut gjennom skaren med dei tynne skiene gikk det ikkje akkurat like bra.

Stygt forslått måtte eg bære ho ned igjen. Det var det lettaste. Tyngden av feilvurderinga mi var heftig. Men det verste var at ho sverga på å aldri vere med på ski igjen.

Jul 2003: Kjøpte nye ski til henne utan at det var på ønskelista. Over hovudet.

Januar 2004: Første skitur blei lagt til årets kaldaste dag. 22 minus ved oppstart, 2 mil frå endestasjonen og ingen muligheit for å snu. Eg var så kald på hendene at eg ikkje klarte å smøre skiene skikkelig, ho var så kald over alt at ho trua med å tisse på seg for å holde varmen (på ordentlig), medan ho glippa i bakkane og sa ting ho ikkje har uttala før eller sidan.

Februar 2004: Ny skitur: Gode ski, fint vær, altfor mykje tøy. Liv klaga i første bakken over å være altfor varm, men nekta å ta av seg på grunn av minnet om sist tur. Total lengde på skituren: 1 km.

Påska 2007: Prøvde ”no er det ikkje langt igjen-trikset” og å lokke med sjokolade, kaffi og alt anna fristande eg klarte å komme på. Funka sånn passe.

2013: Liv får felleski, vi tek eit par svært korte turar saman med ungane i pulk, og ho blir oppfordra til å ta sin første tur på ski aleine om kvelden, i håp om at det kan skje eit mirakel. Eg ventar spent heime. Tre timar etter kjem ho heim med svært kraftig hjernerystelse, noko som fører til at eg det neste året stort sett blir aleine om dei fleste oppgåver i heimen og aktiviteter med barna.

Men så, i år 2018: Vi susar vi avgårde alle fem og har det fantastisk med ski på beina. Liv er slett ikkje nokon Marit Bjørgen, men ho elskar å vere på skitur. Kva skjedde mellom her? Ikkje nokon revolusjon, men mange små justeringar etter terrenget. Her er ei liste over dei viktigaste suksessfaktorane – og dei fleste kan truleg overførast til yngre ski-vegrarar også: La den som ikkje allerede er glad i å gå på ski styre tempoet. Gå utan stavar. Dette gir muligheit for tjukke vottar så ein unngår forfrosne fingrar og at stavane kjem i vegen. Det er også bra for balansen og tyngdeoverføringa, og er ein nybegynnar er det dessutan fint å kunne konsentrere seg om ein kroppsdel av gangen …

Unngå å stoppe undervegs, utanom den lange rasten halvvegs på turen. Flyt er essensielt og ein bør uansett ikkje gå så fort at ein må ha pause. Svar ærlig (eller overdriv slik at ein bli

r gledelig overraska og føler seg flink) på spørsmål om antall kilometer eller meter igjen til ein er framme. Bli heime på dei kaldaste dagane. Og bli heime når det er is og vanskelig føre. Hjernerystelse er noko drit. Skryt masse, ofte.

Følg nøye med og dra/dytt før det blir spørsmål om det. Min erfaring er at responsen ofte er: ”Eg klarer det sjølv” dersom ein er på tilbudssida.

I tunge parti – snakk om noko engasjerande, for eksempel kor gøy det blir å køyre ned igjen. Eller begynn å diskutere politikk, neste ferie eller snakk om ei eller anna nyheit (alt frå sladder til noko frå vg.no) som kan dra oppmerksomheita bort frå bakken.

P.S. Har du virkelig ikkje lyst til å kaste deg ut i løypa, så la være! Både barn og voksne i Norge klarer seg veldig fint utan å vere gode på ski! Det er ingen skam, du kan heilt sikker noko anna som du kan vere stolt av å poste bilder av på facebook og instagram! Men viss du først får sansen for å suse med svusj, svusj-lyd over glitrande snø, så er det ein herlig opplevelse, uansett alder og uansett når du skulle finne på å begynne med det. Alt skihåp treng ikkje å vere ute fordi om skiene kjem seint på.

43.jpg