Yngvars supervafler

På onsdag var vennskapsgruppa frå 2-klassen til eldstejenta på besøk. Og det var jammen moro! Etter meir med mindre-prosjektet har vi jo fått så mykje meir plass til å boltre oss på, og vi kosa oss med fotball, basketball, turning, boksing, yoga, utallige fartsrekordforsøk på tredemølla og diverse andre aktivitetar på stova. Full fres med andre ord. Berre ei einaste prisme i lysekruna gikk i tusen knas, og det var SÅ verdt det. For dette var ein skikkeleg fest av ein ettermiddag!  

Det hadde sikkert vore eit hyggelig treff uansett, men eg trur at desse heftige supervaflene proppa av sunne godsaker ved ankomst var med på å løfte stemninga i taket. 7 av 7 ungar gafla innpå grønnsaksvafler, og det blei ikkje igjen så mykje som eit hjerte til foreldrekaffien etterpå.

Vaflene passar forresten perfekt etter ein lang skitur – lag då røra før du legg ut på tur, så er det berre å sette på vaffeljernet når du kjem inn døra. Med så mange ulike grønnsaker i, er desse meir som middag å rekne Vaflene er uten sukker, og ikkje like søte som vanlige vafler, men det har sødme frå gulrot og søtpotet. Vår erfaring er at dei fleste har på såpass mykje søtt på toppen at ein ikkje merkar at dei ikkje er like søte som vanlige vafler. Den som vil kan likevel slenge i eit par ss honning eller søte med lønnesirup eller kokosblomstsukker om ønskelig. Men prøv uten først, då!

Ja, og forresten: Droppar du kardemommen kan du ha gulost eller anna pålegg, friske grønnsaker og urter på toppen og lage vaffelsandwich. Det er også veldig godt!

Her er oppskrifta:

Køyr i blender eller kjøkkenmaskin til heilt jevn røre:1 pk økologiske kvite bønner eller andre favorittbønner4 nevar spinat2 gulrøtter1/3 søtpotet (kan erstattast med ei stor gulrot eller litt brokkoli)5 dl kefir (tilpass mengden etter kva tjukkelse du likar på røra)Ha i og bland godt inn:4 egg4 dl havregryn2,5 dl finmalt speltmjøl2 ts bakepulver2 ts kardemomme1/2 ts salt5 ss ekstra virgin olivenolje eller rapskokos

La stå og svelle i 10 minuttar eller lenger før du steiker. Server med syltetøy, honning, rømme eller anna favoritt-topping.

PS! Vi brukar rå grønnsaker – og kokte bønner. Sånne på eske eller boks funkar som berre det. Eit lite tips dersom det er første gang du lagar og serverer grønnsaksvafler: Lag dei på kun bønner + gulrot/søtpotet og sleng i ei spiseskje eller to med honning eller ein mosa banan. Då blir utsjånaden og smaken enda meir som "vanlige vafler", og så kan du heller kutte honningen og kjøre på med spinat og evt. andre godsaker (rødbete gir søtlige, rosa vafler!) etter kvart som dette blir dei "vanlige vaflene" i heimen. Lykke til og håpar det smaker! :-)

Yngvar

8.jpg